|
Om NM'96
|
|
|
Hovudkomiteèn ynskjer alle velkomne til NM'96 i Stryn. For første gongen på lenge vert det eit samla meisterskap. Langrennsanlegget på Ullsheim er gjennomprøvd etter to Fischer Cup-renn, jr.NM i skiskyting og Nordisk Cup i 1994. Bjørkelibakken er ny, og fekk rosande omtale etter prøve-NM ifjor. Til NM vil vi kunne presentere eit komplett anlegg for hopp, langrenn og kombinert i Stryn kommune. Begge anlegga ligg i snøsikre område med ein reiseavstand på tjue minutt.
Tilskiparlaga Markane, Veten og Hardbagg med til saman 540 medlemmer bak seg, veit at det er ei stor oppgåve vi går til, men med Stryn kommune, nabokommunane og fylkeskommunen i ryggen kjenner vi oss trygge på at det skal bli ein minnerik idrettsfest både for deltakarar og publikum. NM i nordiske greiner har aldri vore lagt til dette fylket tidlegare og mange ser det som eit OL i miniatyr for denne regionen.
Vi vil takke styret i Norges Skiforbund for den tillit som vart vist oss ved tildelinga av NM, og ynskjer "Ski-Norge" velkomne til Stryn.
Med helsing NM-komiteèn
NM på ski 1996 skal arrangerast av dei tre idrettslaga Hardbagg,
Veten og Markane.
Det er to idrettsanlegg som skal brukast under NM. Begge ligg i den vestlege delen av
Stryn kommune, berre 25 km frå kvarandre. Alle langrennsøvingar
(spesielt og kombinert) skal haldast på Ullsheim. Hopp (spesielt og kombinert)
skal haldast i Bjørkelibakken på Nordsida.
For å kome til Stryn kommune kan ein nytte ekspressbussar eller fly. For transport frå overnattingsstader til arenaene, vil det bli sett opp bussar. Har du spørsmål om NM'96 kan du kontakte Rennkontoret:
Postboks 96 6880 Stryn Telefon: 57 87 19 88 Telefax: 57 87 13 63 Bankgironr.: 6557.05.24636 Opningstider under NM:
I tilfelle forholda tilseier det, skal arrangementet overførast til Lillehammer.
Har du spørsmål om overnatting/innkvartering kan du ta kontakt med:
Stryn Reiselivshus 6880 Stryn Telefon: 57 87 23 33 Telefax: 57 87 23 71 |