|
Bjørkelibakken
|
|
|
Skianlegget Vangen er første byggetrinn av total-konseptet Vangen Aktivitetssenter. Til NM'96 vil vegframføring til området og areal for parkering bli sluttført saman med K-90 bakke og ein del grunnarbeide for andre bakkar (K-65) samt sentralanlegget som består av varmestove/garderobe og romfløy, likeeins dommar- og kongetribune, lysanlegg, andre tribuneanlegg komplett med tanke på ei vidare utbygging av anlegget. Andre byggetrinn omfattar løyper for rullestol, pigging, fullføring av K-65 bakke og andre aktivitetstilbod. Vinteren '95 vart det arrangert prøve NM i 90 meters bakken. Hoppbakkane ligg i eit svært tradisjonsrikt område når det gjeld hoppaktivitet frå gammalt av. Området har her stolte tradisjonar å sjå tilbake på, og har fostra mange gode hopptalent opp gjennom tidene. Hoppanlegget Bjørkelibakken, som sjølvsagt er bygd etter FIS-normer, vil for ettertida bli grunnlaget for ein ny tidsepoke for rekrutteringa til hoppsporten i Sogn og Fjordane fylke.
Bjørkelibakken skal brukast under NM'96. Bakken ligg på Fjelli, ved garden Vangen. Bakken ligg 500-600 m over havet og er garantert snø i vinterhalvåret. Bjørkelibakken var under bygging hausten 1994. Det er lokale entrepenørar som står for arbeidet. 90-meter bakken står no ferdig. Dessutan skal det byggast ein 65-meter bakke parallelt. Dette er pga at Bjørkelibakkjen skal kunne bli eit anlegg for nye skihopparar som kan trene seg gradvis opp til den store bakken. Bjørkelibakken vart vinteren 1995 teken i bruk under eit hopprenn i Noregscupen som også fungerte som prøve NM.
Målsetjinga er å nytte dei anleggsmessige investeringane som skal på plass til NM '96 som grunnlag for ei meir langsiktig og omfattande utvikling av Vangen-området. Den idrettslege delen tek utgangspunkt i hopp-anlegg, tur-løyper, varmestove/sentralanlegg, løyper for alpint, pigging, skileik og lysløyper.
NB! Telefonnummer til Bjørkelibakken: 57 87 56 50
|