|
Vegard Ulvang 3-milskongen
|
|
|
Vegard Ulvang har vunne 3-mila seks gonger sidan 1988. Berre i 1990 (Kristen Skjeldal) og 1994 (Bjørn Dæhlie) let han seg slå. Sjølv om plasseringane hittil i sesongen har vore noko ujamne, stiller Vegard i fremste favorittrekkje på Ullsheim i morgon. 134 løparar er påmelde til opningsdistansen i NM'96. Når Bjørn Dæhlie står over, vil nok dei fleste tipsa gå i retning Thomas Alsgaard. OL-meisteren frå Lillehammer har alt i alt vore den nest beste norske løparen så langt i sesongen. Men som sagt; Vegard Ulvang kan 3-mil betre enn nokon. Per Fridolf Hillestad er den lokale favoritten. Han synte oppløftande takter i Sykkylvssprinten sist helg. Markane-løparen har fleire gonger vist at han kan dette med å prikke inn toppforma. Men dei største sjansane har han nok på den avsluttande 5-mila.
Kjelde:Fjordingen, fredag 19.01.96 |