|
Suverén og elegant!
|
|
Marit Mikkelsplass kan bli NM-dronningLike elegant som suverent sikra Marit Mikkelsplass (30) seg NM-tittelen på 15 kilometeren. I Ullsheimløypene imponerte Kjelsås-jenta stort. Ho leia frå første stavtak og auka heile tida til sin argaste konkurrent Bente Martinsen.
Det var ein glad norgesmeister vi møtte etter løpet:
Fem gull?På spørsmål om løypa no ligg open for fem gullmedaljar under NM, svara ho nøkternt:- Det er også andre jenter som kan gå fort på ski. Og ho minte om at både Anita Moen og Trude Dybendahl stod over den første NM-distansen.
NM-dronningMen faktum er at Marit Mikkelsplass hittil i sesongen har til gode å bli slegen av nokon norsk løpar. Ingen vert overraska om ho blir den store NM-dronninga i Stryn.
Utanfor landslagetMarit står utanfor landslaget i år. Ho legg ikkje skjul på at ho trivst med å trene åleine. At ho heilt sidan i sommar har prioritert trening med ski på beina, har heilt klart gjeve resultat. Ingen tvil om at Marit Mikkelsplass har sine ord i behald når ho seier at ho denne sesongen har vorte betre skiløpar. Vi er spent på fortsettelsen!
Kjelde:Fjordingen, måndag 22.01.96 |