|
Skuffande lokal innsats
|
|
|
Odd Bjørn Hjelmeset måtte ta til takke med ein skuffande 39.plass på sprinten. - Eg var forferdeleg tung i kroppen, forklarte fylket sin beste løpar. Per Fridolf Hillestad kom på 43.plass.
Som venta vart det små tidsmarginar på sprinten. Per Fridolf var såleis "berre" minuttet frå 5.plass.
Nils Heggdal kom på 83.plass. Også han har meir å hente på 5-mila. Det same kan trygt seiast om Johnny Seljeset.
Roger Lillestøl var den som kunne seie seg mest nøgd. Honndølen kom på 85.plass og ser fram til NM i skiskyting:
Kjelde:Fjordingen, fredag 26.01.96 |