|
Signalkorpset gjer jobben
|
|
|
HV sitt signalkorps under leiing av Magne Endal gjer jobben sin og vel så det under Norgesmeisterskapen på ski. NM-fanfare, flaggsignal og seinast kongefanfare er kva korpset har varta opp med så langt.
- Det har vel gått nokonlunde bra, og det er litt spesielt for Heimevernet at ein har fått eigne signalkorps. No fekk vi litt kort tid til å samkøyre dette, men dette er folk som gjerne har korpsmusikk som hobby, seier Endal. Signalkorpset er sett saman av fem trompetar og tromme. Både i dag og i morgon vil dei vere på plass i Bjørkelibakken under laghoppinga og den individuelle konkurransen.
Kjelde:Fjordingen, onsdag 31.01.96 |