|
Per Knut Aaland la grunnlaget
|
|
|
Langrennsporten i Nordfjord kan delast i to tidsperiodar: Før og etter Per Knut Aaland sin 6.plass på 5-mila i Innsbruck-OL '76. Dette skapte enorm interesse i bygder som inntil då hadde vore utan toppidrettsfolk. Dei positive ringverknadane let ikkje vente på seg. Vinteren etter var talet på lokale langrennsløparar tredobla, og over tusen skientusiastar fekk oppleve norgeseliten i førjulsrenn på Dybevoll i Markane. Som igjen la grunnlaget for utbygginga av NM-anlegget på Ullsheim. "Milslukaren frå Hardbagg" gav oss mange gledesstunder gjennom si lange karriere. Sjølv om det skulle bli både OL-sølv, NM-tittel og kongepokal, fem 2.plassar i Kollen osv. - står det ein eigen glans av prestasjonen i Innsbruck. Saman med gullvinnar Ivar Formo redda Per Knut den norske skiæra på OL sin siste dag. At ein lokal løpar tok poengplass, var enormt. Jubelen må sjåast i lys av at dette skjedde før Marianne Kjørstad, Frode Grodås, Jostein og Tore Andrè Flo sette Nordfjord på idrettskartet.
- Korleis opplevde du sjølv OL-debuten i Innsbruck, Per Knut?
Før gjennombrotet i Innsbruck måtte Per Knut klare seg på eiga hand. Mykje av tida gjekk med til å trakke løyper heime i Randabygda. Også dette betra seg.
OL-sølv i Lake PlacidDet er vanskeleg å rangere prestasjonar. Men OL-sølvet frå stafetten i Lake Placid '80 heng sjølvsagt høgt. Likeeins Kongepokalen på 5-mila i NM-77. Fem 2.plassar frå Holmenkollen er også høgdepunkt frå den aktive karrieren.
Smørje-ekspertEtter ni år på Lillehammer, flytta Per Knut og familien attende til Nordfjord. I 1990 bygde dei hus i Hornindal. Same haust ringde landslagstrenar Inge Bråthen. Han spurde om Per Knut kunne tenkje seg å delta i smørjeteamet til OL.- Eg hadde aldri tenkt i dei baner. Men etter to dagars tenketid takka eg ja. Og det har eg aldri angra på, sjølv om det blir mellom 150 og 200 reisedagar i året.
- Korleis er det å jobbe så nært opptil dei norske langrennsstjernene?
Kjelde:NM-avisa '96, Fjordingen |