|
Lite plaster, mykje fri
|
|
|
Nokre plasterbitar og litt sårsalve. Og sjølvsagt handa til Alsgaard. Elles har det så langt vore fredelege NM-dagar for fyrstehjelparane frå Stryn Røde Kors og Heimevernet. Omlag tredve armbind med raude kors var å sjå på Ullsheim i helga. I dag og i morgon skal dei i sving igjen, både på Ullsheim og i Bjørkelibakken. - Målsetjinga vår er å ha minst mogeleg å gjere. Men skjer det noko, skal vi kunne ta oss av dei fleste, lovar korpsleiar Per Eilert Ommedal i Stryn Røde Kors. - Vi har folk med sanitets-bakgrunn på alle postane og i kvar patrulje. For tida har vi godt med folk. Og vert det naudsynt, kan vi setje inn endå fleire ressursar.
Knall og fall høyrer medI helga var det Alsgaard som fekk den hardaste støyten. Ut over det, hadde fyrstehjelparane ingen alvorlege skader å stri med.- At folk dett og slær seg, høyrer med på eit skirenn, meiner Ommedal. Av dei omlag 10.000 tilskodarane som strøymde til arenaen på Ullsheim i helga, var det berre nokre få som var innom det militærgrønne sanitets-teltet. - Folk er flinke å ta vare på seg sjølv, meiner Ommedal, og er glad for at plaster-budsjettet har halde seg på eit lavmål. Han trur dei gode vèr-tilhøva i helga har vore med på å halde skade-statistikken på tilnærma null-nivå.
SamarbeiderStryn Røde Kors og sanitetssoldatar frå Heimevernet samarbeider om fyrstehjelps-arbeidet under NM. Dei tilsaman førti frivillige hjelparane har to snøskuterar og to ambulansar til rådvelde. Ein sanitets-leiar sit i hovudkvarteret og leier arbeidet.- Det har vore mykje organisering og mange telefaksar for å få til mannskapslister og slikt, men no har ting ordna seg, seier Even Inge Nesje. På Ullsheim i helga var han sanitetsleiar, sannsynlegvis den einaste jobben der leiaren gler seg di mindre arbeidarane hans gjer.
Kjelde:Fjordingen, onsdag 24.01.96 |