|
- Arrangøren kan ikkje klandrast
|
|
|
Vår suverene skikonge Bjørn Dæhlie hadde desidert beste tid på 2.etappe for vinnarlaget Nannestad, og han hadde denne klare uttalen til dei skarpe løypene på Ullsheim: - Eg har gått mange World Cup-renn i Europa med slik vanskegrad som på Ullsheim. Arrangøren kan på ingen måte klandrast. Problemet med å ha skirenn i skogen er at det står tre nokså nær trasèen, sa World Cup-leiaren. Eg hadde lyst til å gå klassisk. Difor vart det andre etappe. Egentleg var det ikkje problem å kome forbi, sa Bjørn som tok inn Vegard Ulvang etter 3 kilometer, men som lenge hadde fylgje av skiveteranen før han demonstrerte kreftene for publikum inne på skistadion.
Skileik med skiskuleDæhlie gjorde greie for kva han skulle gjere på i Stryn:- I morgon skal eg vere med på skileik med ei skuleklasse. Vi skal lage spretthopp og slikt. Tysdag har eg tenkt å ta det roleg på Grotli før 10 km onsdag. Pressesjef Rolf Nordberg gjorde vidare spekulasjonar til skamme: - Bjørn har returbillett onsdag kveld.
Kjelde:Fjordingen, måndag 22.01.96 |