|
God lengdemåling
|
|
|
Etter kritikken frå Fred Børre Lundberg på laurdag omkring lengdemålinga under hopprennet i NM kombinert vart dette fylgt ekstra med på under lagkonkurransen onsdag kveld.
- Det var bra lengdemåling under rennet, seier Øyvind Ristvedt, forbundsmålar og forbundsdommar. - Frå min posisjon i tårnet ville eg sett dersom det vart gjort store feil i lengdemålinga. Eg såg ikkje at det var gjort feil og har ikkje høyrt noko misnøye med lengdemålinga frå nokon, seier Ristvedt.
Kjelde: pressemelding, onsdag 31.01.96 |