|
- Eit av dei finaste kombinertrenna i Norge
|
|
|
- Det som står i hovudstadspressa om at eg fullt ut støttar Fred Børre Lundberg når det gjeld lengdemålinga i Bjørkelibakken, er heilt feil. Frå min posisjon oppe på hoppet såg eg ikkje eit einaste nedslag. Eg opplevde dette NM som eitt av dei finaste kombinertrenna i Norge.
Det er landslagssjef i kombinert, Ivar Stuan, som seier dette til Fjordingen.
UtblåsingLengdemålarane i hoppbakken har vorte det store samtaleemnet etter kombinertkonkurransen i Bjørkelibakken. Dette etter Fred Børre Lundberg si utblåsing på sletta. Også andre stilte spørsmålsteikn ved lengdemålinga.- Subjektive uttaler om lengdene vil vi alltid ha når vi ikkje har elektronisk måling, seier Stuan. - Men slike utblåsingar som kom til uttrykk i Bjørkelibakken, har eg ikkje opplevd før.
Alltid omdiskutert- På pressekonferansen før rennet vart det fokusert på at kombinertsporten ikkje markerer seg og at løparane kanskje er for snille og lite skandaleomsuste. Var dette svar på tiltale?- Nei, slett ikkje. Manuell lengdemåling vil alltid vere omdiskutert og uråd å få heilt nøyaktig. Dette er ikkje eineståande for Bjørkelibakken, seier Stuan.
Jurymat- Burde ikkje løparane gått til juryen med dette i staden for å utbasunere si misnøye så bastant og høglydt nede på sletta?- I ettertid når vi ser at mange riksmedia fokuserer kun på dette etter rennet, kan vi trygt slå fast at eventuelle klager på lengdemålinga burde vore konsentrert om dette forumet.
Flott rennLandslagssjef Ivar Stuan ønskjer elles å understreke at kombinertrennet i Bjørkelibakken var eitt av dei finaste han nokon gong har opplevd i Norge:- Stemninga, veret, publikum og kongebesøk i dette kjempeflotte anlegget med ein glimrande bakke var rett og slett ei stor oppleving. Kombinerteliten kjem meir enn gjerne tilbake til Stryn, gjerne også til internasjonale konkurransar.
Kjelde:Fjordingen, onsdag 31.01.96 |