|
Favorittsiger på 3-mila
|
|
|
OL-meister Thomas Alsgaard innfridde favorittstempelet då NM nordiske greiner '96 opna med 3-mil på Ullsheim. - Det gjekk veldig lett i dag, sa 24-åringen etter å ha tilbakelagt den krevjande løypa med ein kilometerfart på 2 min. og 25 sek!
Det store spørsmålet var sjølvsagt om Bjørn Dæhlie ville ha slått Alsgaard under forhold som minna mykje om Lillehammer-OL.
At dette skulle bli Thomas Alsgaard sin dag, virka klart frå første skøytetak. Både landslagstrenar Erik Røste og resten av støtteapparatet hadde han som klart førsteval. Røste sitt tips om at Remie Andersen og Øyvind Mobakken skulle bli hardaste konkurrentar, slo også til. Avstanden bakover tyder på at Alsgaard gjekk si beste 3-mil sidan den store februardagen på Lillehammer.
I motsetning til fleire andre løparar hadde ikkje vinnaren uhell.
Kjelde:Fjordingen, måndag 22.01.96 |