|
Dramatikk og spenning
|
|
|
10 km klassisk jaktstart, kvinner Jaktstarten (10 km) for damer vart ein thriller av dimensjonar. Anita Moen Guidon, Marit Mikkelsplass og Trude Dybendahl gav eit stort publikum - heile 3.000 i talet - full valuta for inngangspengane gjennom eit drabeleg oppgjer. Anita viste seg som den beste spurtaren og forsvarte NM-gullet frå dagen før. Dramatisk var det også i minutta etter målpassering. Rykta om at Anita skulle ha skøyta for mykje ut av siste svingen inne på stadion, svirra i lufta. Det kom ingen formelle protestar. Men juryen spelte av video og drøfta dei aktuelle skøytetaka. Samrøystes kom dei fram til ei lukkeleg avgjerd: Anita hadde ikkje gjort noko ureglementert.
Nervepirrande- Det var nervepirrande å gå ut først med Marit og Trude like bak, sa Anita etter løpet.- Marit Mikkelsplass er som eit lokomotiv i løypa, og eg skjønte temmeleg raskt at ho og Trude ville greie å ta meg att. Men heldigvis hadde eg gode ski - eg bur saman med ein kar som kan å smørje!
KjempegladDen doble norgesmeisteren var kjempeglad etter målpassering. Og sølvjenta Marit tok spurtnederlaget med fatning:- Eg visste at Anita er kjapp i spurten. Håpet mitt var å skape ei luke tidlegare i løpet. Men då eg og Trude var uheldig å trakke på skia til kvarandre i ein motbakke på sisterunden, var det i staden Anita som fekk luka. Det kosta mykje krefter å tette igjen denne, sa Marit.
NM-dronning?Det store spørsmålet framfor 30 km søndag vert kven som kan utropast til NM-dronning. Både Anita Moen Guidon og Marit Mikkelsplass har innkassert to gull så langt. I tillegg har Marit ein sølv og ein bronse.Publikum kan gle seg til litt av eit prestisjeoppgjer søndag!
Kjelde:Fjordingen, fredag 26.01.96 |